Vestlandsvegar

Vestlandsvegar

Halvor Folgerø si nye bok kan du låne på biblioteket

«Bortenfor svingen i veien
kan det være en brønn, eller et slott,
eller bare mer vei.»

 

 

Postkort frå Tokagjelet, Normann Kunstforlag. Nasjonalbiblioteket.

Utdrag frå diktet «Veien før svingen» av Fernando Pessoa (Kjerstis løse tråder, blogspot.com).

 

I vest er vi vande med vegar i mange variantar. Nokre stadar smyg dei seg ned i tronge gjel, langs bratte fjellsider og på stadar ein ikkje skulle tru dei kunne finne feste.Spektakulære vegstrekk

I boka «Vestlandsvegar» fortel Halvor Folgerø om nokre slike ville vegar. Undertittelen på boka er «Historier om farlege og spektakulære vegstrekk», og ho handlar om vegar frå Geiranger i nord til Bjerkreim i sør. Her kan du lese eit utdrag frå «Vestlandsvegar» (Halvor Folgerå. samlaget.no).

Byggjekunst med handemakt

Nye oppfinningar gjorde det mogleg å masseprodusere bilar, og tidleg på 1900-talet var det ei stor utvikling av bilen som transportmiddel. Fjorden hadde mange stadar vore den viktigaste vegen på Vestlandet. Med fleire og raskare bilar utvida ein gamle ferdselsårer og utforma nye strekk av landevegar, stein for stein.
Ingeniørar vart engasjerte for å planlegge vegane, og lokale og tilreisande arbeidarar bygde dei. Arbeidet vart ofte gjort med handemakt. Hjelpemidla var enklare enn i dag, og dei måtte arbeide under vanskelege tilhøve, slik at det kunne vere strevsamt og med fare for liv og helse.

Solskinsturar og farleg ferdsel

Dagleg har menneske som bur langs smale og svingete vegar, brukt dei mellom heim og skule, på arbeid, for å frakte varer og å vitje folk i nabobygda.
Opp gjennom historia har det vore mange dramatiske hendingar. I boka fortel mellom anna Folgerø om tre unge gutar på veg ned Tokagjelet i Hardanger vinteren 1975. Dei fekk ein sleng på bilen, fauk over støypekanten, svevde 50 meter i fritt fall, men landa i ei mjuk snøfonn. Alle tre kom frå det utan større fysiske skader. Andre stadar kan det ha gått dårlegare i utforkøyringar og når steinar og snø har rasa ned bratte fjellsider.
Sjå bilde frå Tokagjelet (Marcus, Spesialsamlingene til Universitetsbiblioteket i Bergen)

Kjøsnesfjorden, eldre postkort

Eldre postkort frå Kjøsnesfjorden. Foto: Helge Skodvin

Vegar som kulturhistorie

No er ein del av dei eldste vegstrekka utbetra med tunellar, og køyrebaner er breiare og rettare. I dag vil vi helst ha  gul stripe i midten og solide autovern mot kantane. Nokre av vegane i boka er framleis køyrbare, eller dei er blitt turvegar for gåande og syklistar. Andre stadar har naturen begynt å ta området tilbake. Slik som denne strekninga ved Kjøsnesfjorden i Sunnfjord kommune, der det no er ein tunell (vgtv.no).

 

Tekst: Helge Skurtveit, bibliotekutvikling Vestland
Bilde heading: Halvor Folgerø. Foto: Tove Breistein. Samlaget

Tokagjelet, foto

Tokagjelet. Foto: Elizabeth Warren, inkludering, strategi og analyse, Vestland fylkeskommune

Search the catalogue

Language